My third book features 81 spectacular places beyond the beaten track in Norway. It was published on April 15 2021 by Skald and is called Bortom allfarveg (Beyond the Beaten Track).
For foreign language versions, do get in touch.
Boka til din neste noregsferie Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle land i verda. No har globetrottaren pakka sekken for å oppdage eige land og spora opp dei mest unike og undervurderte stadene i Norge. Stader som ikkje nødvendigvis ligg så veldig langt utanfor allfarveg, men der mange av oss suser rett forbi på veg til meir populære reisemål.
Interessa for å reise i eige land har eksplodert det siste året, men mange av oss reiser først og fremst til dei mest kjende attraksjonane. Men treng vi det eigentleg? I boka viser Garfors fram orginale reisetips i heile landet. Dette er ikkje ein tradisjonell reiseguide, men ei bok til inspirasjon for dei som er leie av å reise i kø og oppleve akkurat det same som naboen.
Garfors vil opne auga våre for vårt eige vesle land: Større enn til dømes Tyskland, Japan og Filippinane; med 104 byar, 356 kommunar, nesten 1 800 fjordar, over 13 000 fjelltoppar i tillegg til 320 000 øyar og skjær. For ikkje å snakke om verdas tredje lengste kystline.
留言